Hytteholstemnet 2023
Vi har gjennomført vårt tradisjonsrike Hytteholstemne. Det gledast i god deltaking og mykje god skyting blant deltakarane. Det deltok 115 skyttara på stemnet. Tilreisande frå Kristiansand i sør til Hammerfest i nord.
Tekst og foto: Ola Vangen.
Vinnaren av stemnet i klasse 3-5 blei Elisabeth Steinfeld Leganger frå Holsen med toppresultatet 349 poeng. Berre 2 fattige sentrumstiarar frå tangering av banerekorden til Bjarne Muri frå Oslo Østre.
Nummer to og tre blei Johanna Reksten frå Nordbygda og Rand skl og Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk skl, begge med 346 poeng.
Beste Sunnylving i klassa blei Ivar Fivelstad med 341 poeng og 11.plass. Dag André Hauge noterte seg 337 poeng og 18.plass. Medan Kjell Oddvar Frøysa og Ola Vangen ende opp på henhaldsvis 20. og 21.plass, begge med 336 poeng.
I klasse V55 blei Arve Halsteinslid frå Haugen skl vinnar med 344 poeng. Vår Nils Olav Frøysa kom hakk i hel på 2.plass og 343 poeng.
Arild Fure frå Stryn oppnådde 340 poeng og 3.plassen.
Oddmund Fivelstad i klasse V73 noterte seg 341 poeng på si skyting som holdt til 18.plass i klassa. Vinnar her blei Erling Sylte frå Fiskå, med 349 poeng.
I ungdomsklassene hadde vi to deltakara, Isak Elias Frøysadal Hauge og Ørjan Frøysadal Hauge.
I juniorklassa viste Ørjan at forma framleis er inn takt til Landsskyttarstemne, og vant klassa med sterke 349 poeng.
Bror Isak Elias viste også god form og vant klasse Eldre junior med 344 poeng.
Som tradisjon tru arrangerte Hornindal og Markane skyttarlag også stemne denne helga, Olsokstemnet.
Olsokstemnet har ein eigen vri ved skytinga på 200-meter. Her skytast ingen ordinær omgang med 10 skot liggande på 75 sekund. Her skytast det ein 15-skot på 4 minutt. Det er ulik stillingsbytte etter kva klasse som skyt. For klasse 3-5 skytast serien som 5 skot i kneståande stilling, 5 skot i liggande stilling og 5 skot til slutt i ståande stilling. Serien er like populær som den er krevjande -> veldig utfordrande, men ikkje umogleg.
Trass i utfordrande skyting, var det gode resultat å finne på listene.
I klasse 3-5 blei Tor Gaute Jøingsli vinnar med resultatet 247 + 146 = 393. Nr 2 blei Johanna Reksten med 246 + 146 = 392. Den store overraskelsen finn vi på 3.plass der vår Isak Elias klinka til med debut som senior. Han serverte ikkje mindre enn 246 (!) poeng på sin 25-skot og svært imponerande 145 poeng på Olsok-skytinga. Dette gav han 391 poeng totalt, som haldt til ein meget sterk 3.plass 

Resten av Sunnylvingane:
8.plass Ivar Fivelstad -> 245 + 142 = 387
11.plass Dag André Hauge -> 241 + 144 = 385
21.plass Kjell Oddvar Frøysa -> 233 + 145 = 378
40.plass Ola Vangen -> 233 + 129 = 362
I klasse V55 kunne Nils Olav Frøysa også her notere seg 2.plassen
Han hadde lik poengsum som vinnar, Arve Halsteinslid, 388. Dessverre hadde han 2 fattig sentrumstiarar mindre, og blei då rangert bak.

I tillegg til enkeltdeltaking er det også lagskyting ved Olsok-skytinga. Her stilte Sunnylven med 2 lag, der lag nr 1 tok 2.plass
Også her måtte det teljast sentrum, og vi blei rangert bak laget til Hovdebygda og Ørsta som hadde tre sentrumstiarar meir.

På 100-meter klinka Ørjan Frøysadal Hauge til med eit nytt kanon resultat. Han vant klasse junior også her, med resultatet 349 og heile 31 av 35 sentrumstiarar