Iona
Iona ruvar godt når den ligg til kai på Hellesylt. Skipet er heile 344,5 meter langt. Det kom til Hellesylt i dag tidleg frå Olden og reiser vidare i ettermiddag med kurs for Haugesund. Neste gong Iona kjem til Hellesylt er, etter cruiselista, 9. august. Også då skal den ligge til kai på Hellesylt heile dagen. Iona vart bygd i 2020 og seglar under britisk flagg.