Kjente musikarar til kulturbedehuset

Søndag er det klart for ein ny stor konsert i Sunnylven bedehus. Dit kjem to gode og trauste innan song og musikk, Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt.
I fjor var det konsert i kulturbedehuset med musikar Britt Pernille Frøholm, i år kjem Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt.
Musikar Helge Lilletvedt fann sin betre halvdel på Hellesylt og er der ofte på fritid. Denne gongen blir det også jobb for pianisten frå Bergen.
Tilbake på Hellesylt er også Sigrid Moldestad som saman med Lilletvedt held konsert i kulturbedehuset søndag 9. juli.
Moldestad har vitja bygda minst to gonger før, på utescena på Ljøen i 2021, og med konsert saman med to andre musikarar i eit fullsett Sunnylven samfunnshus hausten 2022.

Under Hellesyltdagane har dei to sett saman eit program med song og musikk i Sunnylven bedehus.
Der trur vi det blir trangt om plassen på søndag 9. juli når konserten opnar klokka 14.00.
Sunnylven bedehus hyser til dagleg verdsarvutstillinga som designar Anne Jorun Sæten sette saman og viste fram på Hægstad Gård i 2021. Nye eigarar gav ikkje plass til kunstutstillinga som presenterte gamle og nyare kunstnarar/diktarar/musikarar frå Sunnylven. Den vart flytta til Sunnylven bedehus, ei utstilling som også er verd eit besøk under Hellesyltdagane.
Søndag vil Moldestad og Lilletvedt «krydre» den med både folkemusikk og anna. Vi trur det blir ein magisk konsert i kulturbedehuset på Hellesylt med dei to profesjonelle musikarane.
Billettpris pr. person er sett til kroner 250.-