LokalnyttUkategorisert

Michelle og glade tilhøyrarar

Michwelle Ullestad saman med unge aktørar på fontenekanten på Hellesylt.

Hellesyltdagane 2023 er over, men mange minner vil leve lenge. Artistar på scena og andre stader gleda, mellom dei Michelle Ullestad.

Fleire unge artistar i song, dans og musikk var på Hellesylt i helga og krydra dei 24 Hellesyltdagane på imponerande måte.
Vi kunne leite fram og presentere mange frå det rikhaldige og gode programmet på utescena, ei av dei var Michelle Ullestad.

Ullestad hadde konsert på søndag, ikkje berre for det godt vaksne publikum, men også unge lyttarar fekk ei kjær stund saman med artisten utanfor scena.

Vår lydmann under arrangementet fanga augneblikket mellom Michelle og fire barn på fontenekanten på Ole Ringdals plass. Eit møte mellom alle som om det skulle vere nære slektningar alle i hop.

Slik skal sommardagar feirast og opplevast i eit fredfullt område i eit godt land.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380