midt-norsk meisterskap 2023

Denne helga arrangerte skyttarlaga Steinkjer, Forr og Kvam Midt-Norsk Meisterskap (MNM). Trass i ustabile værmeldinger blei været betre enn forventa, og det blei eit kjempe flott arrangement. Det var ikkje alle skyttarane frå Sunnylven som tok turen denne gongen, men det blei likevel skapt gode prestasjonar og mykje spenning på standplass!
MNM er eit lukka skytearrangement for skyttarane som bur i Midt-Noreg landsdel. Her skytast det bane-, felt-, stang- og felthurtigskyting.
Tekst og foto: Ola Vangen.
Laurdag: Feltskyting:
Feltskyting var fyrste skyting for skyttarane våra. Grovfelten blei arrangert på skytebaneområdet til Forr skyttarlag, medan finfelten blei halden på området til Steinkjer. Skyttarane var i aksjon allereie frå morgon av. Skyteforholda var gode, så det låg til rette for god skyting. Lite vind, fuktig luft, nokre frå regndråpar og ein del «Trønder-knott».
Både Isak Elias, Kristian André, Kirsti og Dag André skaut alle fullt hus, 42 treff på sine grovfeltrundar! Dette var ei sterk oppvisning, og det var tydeleg at nokon hadde førebudd seg godt til feltskyting. Dei treff helhaldsvis 42/31, 42/26, 42/27 og 42/26 (treff/innertreff)
Ola noterte seg 40/20 på sin feltrunde.
Ørjan, som skaut på finfelt, klarte også å prikke inn 42 av 42 moglege treff! Han endte med 33 innartreff og ein 2.plass i klasse junior
Plassering grovfelt:
Isak Elias – 3.plass i klasse 2-5, V55 og EJ
Kristian André – 12.plass i klasse 2-5, V55 og EJ
Dag André – 13.plass i klasse 2-5, V55 og EJ
Ola – 47.plass i klasse 2-5, V55 og EJ
Kirsti – 1.plass i klasse 1
Isak Elias vant også klass EJ
Baneskyting:
Etter felten var skoten bar det vidare til baneskyting.
På 100-meteren presterte Isak Elias 246 poeng på si innleiiande skyting. Dette haldt til skive 2 i finalen i klasse eldre junior. Ørjan prikka inn 248 poeng på si skyting, som gav han skive 3 i junior-finala.
På 200-meter var Kristian best av seniorane. Han kvalifiserte seg til finala med 243 poeng, og skive 18. Dag André endte med 239 poeng (eitt poeng frå finale), mens Ola stoppa på 235 poeng med si skyting.
Stang- og felthurtigskyting:
Etter innleiiande baneskyting tok turen vidare til stang- og felthurtig arenaen.
Her blei Ørjan beste skyttar frå Sunnylven med heile 19 treff på stangen! Dag André og Ola kom like bak med 18 treff. Isak traff 7 treff på si gjennomføring.
På felthurtigskytinga blei Isak Elias beste Sunnylving med tida 17,13 sekund. Ola kom like bak (ein hundredel) med tida 17,14 sekund. Dag André og Kristian André klarte ikkje gjennomføre skytinga og blei ståande med tida 99,99. I felthurtigskyting er det fri skytestilling. Kristian benytta moglegheita til å gjennomføre skytinga ståande. Sprekt forsøk!
Roger Hals frå Kristiansund blei beste skyttar i begge disiplinar med 28 (!) treff på stangen og 8,20 sekund på felthurtigskytinga.
Lagskyting:
Seinare på laurdagskvelden blei det også lagskyting på nokre av skyttarane våra.
Dei ti beste skyttarlaga etter innleiiande baneskyting vert trekt ut til å konkurrere i ei lagskyting. Her stilte fam. Frøysadal Hauge (Ørjan, Isak Elias, Dag André og Kristian André) opp for laget. Skytinga starta meget godt der Ørjan sendte Sunnylven rett i tet med 100 poeng og 9 innartiarar! Isak Elias kunne ikkje vere dårlegare enn lillebror og kopierte resultatet Far, Dag André, skaut etappe 3. Her klinka han til med 96 poeng på sitt grunnlag og plasserte Sunnylven på skive 1 i anker etappen. Dette var ein meget sterk prestasjon når vi ser på andre sterke skyttarlag som var med på skytinga (Lånke, Sunndal, Rissa, Rennebu med fleire). Kristian André inntok skive 1 i siste skyting og skulle forsvare plassen mot tidlegare skyttarkonge og -prins Daniel Sørli, som låg på skive 3, og foreløpig leiar av meisterskapet klasse 3-5, Roger Størseth. Begge to hadde skote 249 innleiingsvis på baneskytinga.
Det blei dessverre litt for tøft å forsvare 1.plassen frå skive 1, men Kristian presterte likevel 95 poeng på sitt grunnlag. Dette var meget godt skote i ein slik posisjon. Roger Størseth, Lånke, blei sterkast i finalen, mens Sunndal blei nr 2 og Sunnylven sikra seg 3.plassen (3 innartreff framfor Rissa).
Søndag: Den store finaledagen!
Dagen starta med samlagskyting. På grunn av låg deltakelse frå Sunnmør generelt blei det berre nok skyttara til å stille eit senior lag i samlagskyting. Likevel var laget godt representert av Sunnylven.
Første etappe blei skote av Tom Olav Moldskred frå Aalesund skyttarlag. Han traff eit grunnlag på 91 poeng. Vidare på etappe 2 var det Isak Elias. Han presterte 96 poeng på sitt grunnlag. Dette er godt gjennomført med tanke på at han til vanleg skyt på 100-meter. Dag André var satt opp på etappe 3. Her klinka han til med 99 poeng (!) på sitt grunnlag. Anker-skyttar var Kristian André. Det blei litt for langt opp til dei aller beste, dessverre. Kristian noterte seg 93 poeng på sitt grunnlag som gav 4.plassen i lagskytinga.
Vidare til finaleskyting på 200-meter skaut Kristian i finalelag nr 1 av 2. Her oppnådde han 97 poeng på si finaleskyting. Dette førte han opp med 340 poeng. Finala på 200-meter er noko annerleis i dette meisterskapet, mot eit vanleg meisterskap. Her skyt seniorane 5 skot kne i serie etterfulgt av 5 enkle skot. Anvisarskjermen er synleg under heile skytinga i tillegg til at speaker på standplass kommenterar skytinga undervegs. Dette gir ei litt større spenning på standplass enn normalt. Vinnaren av klasse 3-5 blei Daniel Sørli. Han hadde skive 2 etter å han oppnådd 249 av 250 moglege poeng på si innleiiande skyting.
Ørjan og Isak Elias gjorde det også godt i sine finaleskytingar på 100-meter. Ørjan prikka inn 100 poeng i si finale og forsvarte skive 2 medan Isak Elias klatra opp på 2.plass frå skive 3 i si finale. Isak Elias prikka også inn 100 poeng