Lokalnytt

Mission Impossible 7 på Helsetkopen

Utfor Helsetkopen på motorsykkel

Etter snart tre år vart det premiere på Mission Impossible 7. i Sunnylven samfunnshus, filmen med fantastiske opptak frå Helsetkopen. Her vart det to framsyningar onsdag 12. juli.

Ein del uforutsette ting gjorde at premiera på storfilmen Mission Impossible 7 drog ut i tid, men onsdag 12 juli var det klart for filmpremiere, mellom anna på Sunnylven samfunnshus på Hellesylt.

Det var fullsett på begge framsyningane på Sunnylven samfunnshus då filmen med Tom Cruise i hovedrolla starta. Rundt 500 personar var innom døra på dei to framsyingane.

Men før det kom ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad og industrimannen Ole Arnstein Ringdal og fortalde frå opptaka i Sunnylven. Ringdal fekk tidleg spørsmål om landingsløyve for filmselskapet på eigedomen ved fabrikken på Hellesylt, ein førespurnad det var vanskeleg å halde tett på, sa han.
Dei to kom også inn på motorsyklane som låg krasja under fjellet Helsetkopen etter opptaka, syklar dei ønska å få utstilt i kommunen. Det vart blankt avslag frå filmselskapet, men no er i alle fall ein sett saman, utan å vere køyrbar.

Ole Arnstein Ringdal på det «beste» vraket av motorsyklane. Ordførar Jan Ove Tryggestad til høgre.

Krasja åtte syklar
Det meste av Mission Impossible er teken opp i utlandet, men også scener både frå Helsetkopen i Stranda kommune, og Rauma kommune er med i filmen.
For det lokale publikum trur vi det vart mest spanande å sjå scenene frå det 1246 meter høge fjellet Helsetkopen, opptak som kom i siste del av den nesten to og ein halv time lange filmen. På motorsykkel køyrde Tom Cruise ut for det høge fjellet. Sykkelen krasjar i juvet under, men han sjølv kom vel ned på flata ved Helsetvatnet i fallskjerm. Opptaka vart gjorde åtte gonger, har vi fått opplyst.

Filmselskapet jobba lenge med førebuingane til opptaka. Det vart floge opp masse utstyr og bygd ein lang rampe med eit spretthopp på slutten heilt ute på kanten av det høge fjellet. Her starta Tom Cruise opp på motorsykkel og køyrde utfor.
Dette er opptak som aldri er blitt gjort før. Tom Cruise er den fyrste skodespelar i ei slik motorsykkelrolle, eit opptak som tok på også for filmleiinga å gjennomføre og gjorde at nervane var i høgste skår, har blitt stadfesta etterpå.

No gjekk alt godt, etter åtte scener med opptak og krasjing av åtte motorsyklar vart den eine scena forevinga på filmen Mission Impossible 7.

Sjå fleire bilder med Tom Cruise på Helsetkopen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380