Lokalnytt

Odd Nordstoga i Sunnylven kyrkje fredag kveld

Odd Nordstoga med fleire musikarar blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag 7. juli.

Odd Nordstoga blir årets artist i Sunnylven kyrkje under Hellesyltdagane fredag kveld. Med seg har han fleire musikarar til ein konsert som vil fylle kyrkja.

Songar, musikar og komponist Odd Nordstoga er fødd i 1972 og oppvaksen på Plassen i Vinje i Telemark. Han er yngst av fire sysken i ein famiie der musikk har vore interesser hos dei alle. Spesielt Odd Nordstoga har blitt kjent over heile landet for sine flotte tolkingar og framføringar, noko han har vunne fleire prisar for.
Han vart kåra til årets spelemann alt i 2004, same året som han hadde sitt store gjennombrot med soloalbumet «Luring».
Det året kom også songen «Kveldssong for deg og meg», ei vise som vart svært populær og mest spela på radio det året.
Og alt Odd Nordstoga skriv og framfører er på nynorsk.

Seinare har det blitt soloalbum, og samarbeid med både Sissel Kyrkjebø og Ingebjørg Bratland. Mange av tekstane er skrivne av Ragnar Hovland og Stein Versto.

Odd Nordstoga har gjeve ut ei rekke songar som i 20 år har tona ut over landet. Han har i tillegg vunne mange prisar, mellom anna Spellemannprisen ti gonger.

Odd Nordstoga er frå ein musikalsk familie, både mor og far og ikkje minst storebror Aasmund Nordstoga har tonane inne.
Fredag kveld blir han og fleire musikarar å høyre i Sunnylven kyrkje under opningskonerten for Hellesyltdagane 2023 klokka 20.00.
Billettar til konserten kostar 500.- og kan kjøpast på butikkane på Hellesylt, Coop eller Joker, eller på Tikkio.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380