Olsokfeiring på Flofjellet
På laurdag 29 juli blir det olsokfeiring ved skihytta på Flofjellet. Der blir det sal av grillmat, konkurransar og loddsal.
Etter nokre år utan samling blir det igjen olsokfeiring ved skihytta på Flofjellet.
hellesylt.info har fått melding om at laurdag 29. juli klokka 13.00 skal alle små og store som tek turen til grensefjellet mellom Sunnylven og Flobygda i Stryn få seg servert grillmat, og i tillegg blir det konkurransar og loddsal.
Ta med kontantar då vipps ikkje fungerer oppe på fjellet, heiter det i meldinga frå arrangør Ole Ringdal AS som ønskjer vel møtt til ei hyggeleg olsokfeiring ved skihytta på Flofjellet komande laurdag.