Opna bensinstasjonen igjen.
Fredag 7. juli vart YX-stasjonen på Hellesylt opna igjen, ikkje berre som bilverkstad , men med sal av drivstoff og diverse.
Det var ved årsskiftet 2022-23 at tre unge menn gjekk saman og kjøpte YX-stasjonen på Hellesylt.
I ei tid har det vore sal av drivstoff på kortautomat, men no blir det også kiosk, sal av bilrekvisita, og mindre vareartiklar å få kjøpt.
Kim Sture Flo, Jan Roger Brekke og Helge Kvam Karbø er dei tre som har kjøpt anlegget og vil skape ny verksemd og handel på stasjonen. Fredag 7. juli vart den offisielt opna.
Mange kom til opninga med snorklipping, taler og sal. Det var tydeleg ei stund mange hadde håpa skulle kome.
Helge Kvam Karbø stilte med lur og mikrofon. I si helsing fortalde han om overtaking av bygget, om bensinstasjonen som dei alle tre hadde jobba som unge.
I januar 2023 var overtakinga ordna og eit arbeid med renovering av bygget vart starta. Dei hadde planer om å opne stasjonen til 17. mai, men den datoen vart utsett.
Så bestemte dei seg for 16. juni, men mykje mangla enno. Dermed vart det 7. juli til Hellesyltdagane, -ein dag som går mot rekordomsetning for stasjonen, sa Karbø i ein kommentar som fekk fram smilet mellom dei mange frammøtte.
Det var ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad som fekk æra av å opne den nye kiosk -og drivstoffstasjonen på Hellesylt. Med ordførarkjedet på plass takka han for invitasjonen og oppdraget, det var ikkje kvar dag det skjedde slike ting på Hellesylt, sa han.
Ordføraren huska tilbake då stasjonen heitte Caltex, i dag er den nyopna med nytt namn og nyoppussa av tre unge lokale menn. Det tykte han var ei flott hending å markere.
Med saks klipte han over bandet som vart stramma opp av fire unge barn, og erklærte den nye kiosk -og bensinstasjonen på Hellesylt for opna.