Lokalnytt

Opningsfest for Ljøbrekka 13. august

På veg til Ljøsætra frå Brekkeskaret.

Det blir offisiell opning av «Den Trondhjemske postvei» over Ljøbrekka søndag 13. august. Under vegs blir det taler, snorklipping ved Erling Ljøen, og servering.

Programmet for nyopning av «Den Trondhjemske postvei» over Ljøbrekka er no sendt ut. Dagen for opningsfesten er søndag 13. august, ti år etter at sjølve restaureringsarbeidet starta og der det er lagd ned 13 millionar kroner og fleire tusen dugnadstimar.

Brekkeskaret, høgaste punktet

Den 13. mai 1785 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke fast postombering ein gong i veka nord og sørover langs den Tronhjemske postvei mellom Bergen og Trondheim. Postvegen over Ljøbrekka vart del av denne ruta.
I Sunnylven/Stranda vart posten frakta med båt frå Hellesylt til Ljøen og vidare til fots over Ljøfjellet til Herdalen og ned Strandadalen til Sløgstad. Her gjekk den så vidare med båt til Amdam i Ørskog. Det skriv organinsasjonen Ljøbrekkas Vener i invitasjonen til opningsfesten.

Og her står å lese at vegen over Ljøfjellet vart utbetra, sist gong i 1865. På Herdal-sida vart det laga 21 svingar på vegen for å gjere den lettare farbar.
Brekkeskaret er høgste punktet på vegen med sine 800 meter, så ved dårleg ver var det litt av ei kraftprøve å frakte posten over her, heiter det.

Starta vedlikehald på vegen

Med åra melde forfallet seg på vegen over fjellet frå Ljøen til Herdalen. Vegmurar rasa ut, skog og einer vaks inn i vegen, og stikkrenner gjekk seg tette så flaumvatn grov djupe spor i vegbana.

Etter oppdrag frå Stranda kommune tok ei friviljug gruppe på seg arbeidet med restaurering av vegen. «Ljøbrekkas Vener» starta arbeidet sitt med fyrste dugnad i september 2012.
Seinare har det i åra som er gått blitt mange arbeidsoppgåver på den dyktige foreninga med restaureringsarbeid, og der Petter Hjørungdal har vore drivande leiar i alle år.

Utsyn mot Herdalen og Strandadalen frå Brekkeskaret.

Opning med program og rjomegraut

Søndag 13 august 2023 er det klart for opningsfest av restaureringa av «Den Trondhjemske postvei» over Ljøbrekka. Det er sett opp eit godt program for opningsfesten der deltakarar startar på Herdalen klokka 11.00
Vidare program er slik:
13.00: Offisiell opning i Brekkeskaret:
Fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen talar:
Snorklipping ved Erling Ljøen.
Nokre korte taler, lurblåsing og musikkinnslag.

14.00: Vi går til Ljøsætra.

14.45: Rjomegraut på Ljøsætra, berre mot kontantsal. Lurblåsing, musikk, ordet fritt.

16.15: Vi går til Fv 60 på Ljøen.

17.00: Transport tilbake til Herdalen etter behov.

Om veret skulle vere dårleg blir det start frå Herdalen til same tid, men programmet kan bli litt avkorta, skriv Ljøbrekkas Vener til slutt i invitasjonen til opningsfesten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380