Preike på Høgreiten
På søndag under Hellesyltdagane var det gudsteneste på Høgreiten. Mange kom og fekk ei hyggeleg stund i fint ver.
Det var prest Leif Nordal som heldt preika på Høgreiten i år. Med seg hadde han også kyrkjetenar Kristin Storstein, og musikarane Gunnar Inge Eide, Janne Urkegjerde, Ragnhild Stadheim.
Til den faste kyrkjestaden under Hellesyltdagane var det henta opp eit trøorgel og elles sytte Ragnhild Stadheim og Janne Urkegjerde for musikk til salmesongen på blåseinstrument og fele.
På Høgreiten var det både ringing til gudstenesta, song og preike av den vikarierande soknepresten. Det vart ei varm, men vakker stund for dei mange frammøtte, kanskje så mange som 50 – 60, høgt over Hellesylt sentrum.
Gudstenesta på Høgreiten vart avslutta med songen «Fagert er landet».