Snart nye sommardagar på Hellesylt.
I veke 27. kjem messeavisa for Hellesyltdagane 2023 i postkassa. Ei avis på 24 sider full av informasjon om alt som skjer på Hellesylt i dagane 7. til 9. juli, og med annonsørar som støttar arrangementet.
Av kjente årsaker har ikkje Hellesyltdagane blitt arrangert i full skala dei siste åra. I år er arrangøren Hellesylt Næringslag og fleire andre lag og organisasjonar i Sunnylven tilbake med stort arrangement og stor messeavis på heile 24 sider.
I avisa kan ein lese om aktørar som kjem for å underhalde, om kyrkjekonsert fredag kveld, fleire innslag frå utescena i sentrum dagen etter, om Hellesyltløpet laurdag, og om den gamle skulen som er sett i topp stand igjen, og mykje meir.
Du kan få luftetur med Nord helikopter både laurdag og søndag, «danse» høgt i eit hoppeslott midt i sentrum, eller ta ein ridetur på hesteryggen.
På Høgreiten er det gudsteneste på søndag, og seinare på dag brakar det laust med meir program som konsert i kulturbedehuset og underhaldning både frå utescena og elles i Hellesylt sentrum.
Sjølvsagt blir det også mykje godt å få kjøpt, både på dei to faste butikkane i Hellesylt, og frå utegrill og inne på Sunnylven samfunnshus.
Hellesyltdagane blir avslutta søndag med andesleppet og meir enn 2000 gule plasender blir tippa over rekka på Høge bru og i Hellesyltfossen. Det blir delt ut premiar til ti vinnarar på til saman 25.000.- kroner.
Les meir om alt som skjer under Hellesyltdagane i messeavisa som blir sendt ut i 35000 eksemplar.
Så legg turen til Hellesylt i helga 7. til 9. juli og opplev eitt av sommarens store arrangement, Hellesyltdagane 2023.