Lokalnytt

Song om farfar på Sunnylven omsorgssenter.

Odd Nordstoga gleda pensjonistane på Sunnylven omsorgssenter med mange av sine flotte viser.

Odd Nordstoga varma opp til årets kyrkjekonsert under Hellesyltdagane med minikonsert på Sunnylven omsorgssenter. Ei triveleg stund for pensjonærane saman med artisten.

Det vart fyrst både kaffi og prat for Odd Nordstoga då han besøkte Sunnylven omsorgssenter fredag 7. juli. Seinare same dag er det konserten i Sunnylven kyrkje under Hellesyltdagane.
Rundt 20 pensjonistar var samla i daglegstova for å høyre artisten synge eigne, flotte viser. Det vart både mykje applaus og flotte kommentar etter minikonserten.

Hellesylt.info rakk også to av låtane, den eine «Farfar i livet» og til slutt «Kveldssong for deg og meg». Vi trur mange sette pris på besøket og det vart ei glastund for dei frammøtte. Nokre ønska seg også signatur og helsing frå Nordstoga skrive på ark, noko dei fekk.
Artisten vart takka av bebuarar for det flotte konsertbesøket, mellom anna av Jan Erik Øksvang.

På Sunnylven omsorgssenter var Odd Nordstoga åleine om framføringane som han sjølv gav tone til på trekkspelet sitt.
Til kvelden fredag er det stor konsert i Sunnylven kyrkje. Der er det seld vel 300 billettar, fire timar før konserten klokka 20.00.

Odd Nordstoga vart takka av pensjonærane for songen og besøket, mellom anna av Jan Erik Øksvang

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380