Staut «fyrer» opp under dansefoten laurdag kveld
Til Hellesyltdagane kjem Valdres-gruppa Staut, eitt av dei store folkrock-banda i Norge og spelar til dans i festivalteltet ved Hægstad Gård laurdag kveld.
Dei seks i gruppa frå Valdres danna dansebandet Staut i 2009. Sidan då har det svinga for danseglade over heile landet frå eitt av Norges største folkrock-band.
Laurdag kjem dei til Hellesylt og fyrer opp stemninga for danseglade i festivalteltet ved Hægstad Gård. Då blir det gjenhøyr med mange av bandet sine kjente låtar, som «Lett å vara kødd, men køsta vara kar», ein låt som har toppa poplistene lenge.
Ein annan, «Sjå sola» er ein låt frå 2010 og som har ti millionar avspelingar på Spotify.
Og Staut har eit rikt arsenale av poplåtar og musikk for danseglade, noko alle som besøkjer festivalteltet laurdag kveld vil få bekrefta. Her gjeld det om å ha dei beste danseskorne på.
Om det blir asfalt eller anna å danse på er vi ikkje kjende med. Men festivaldansen under Hellesyltdagane blir eit høgdepunkt, så då er det berre å kaste seg i dansen og la det stå til.
Medlemer i dansegruppa er: Gaute Lein Ausrød, Ønulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Asle Tronrud, Torgeir Bolstad og Frode Flatland.
Les om bandet også i sommardagavisa Hellesyltdagane.
God fornøyelse i festivaltelet ved Hægstad Gård.
Sjå: Staut – Sjå sole