Storfilmen Mission Impossible 7 på Sunnylven samfunnshus

Onsdag 12. juli er det premiere på storfilmen Mission Impossible 7 på Sunnylven samfunnshus med Tom Cruise i hovudrolla. Ei filmpremiere med raud løpar og meir.
Filmstjerna Tom Cruise er oppteken med nye scener til ny storfilm så han kjem ikkje, men møtet med storstjerna blir likevel nært og intenst når filmen Mission Impossible 7 blir vist på Sunnylven samfunnshus onsdag 12. juli.
I storsalen på Hellesylt blir det to framsyningar av filmen som vart spela inn i 2020 og der fleire av opptaka vart gjorde frå fjellet Helsetkopen i Sunnylven.
På toppen av det 1246 meter høge fjellet vart det bygd ein lang rampe der Tom Cruise tok laust på motorsykkel og køyrde ut for det stupbratte fjellet med overheng. Scena vart gjort opptak av ikkje berre ein gong, men 8 – 10.
Cruise kom trykt og sikkert ned i sin fallskjerm, men motorsyklane hamna i steinurda i Kophola fleire hundre meter under toppen. Desse vart plukka opp og henta ut seinare.
Mission Impossible 7 har opptak også frå andre stader i Møre og Romsdal, mellom anna frå Rauma kommune.
Mange har venta på premiere av filmen og no er det klart med to visningar i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt onsdag 12. juli, klokka 18.00 og klokka 21.00.
Raud løpar og bobler
Opptaka frå Helsetkopen vart vellukka sjølv om veret ikkje var det beste alle dagar. Det er ikkje daglegdags med filmpremiere på Hellesylt så difor blir det gjort litt stas på nettopp denne hendinga, har vi fått opplyst.
Ved filmpremiera på Sunnylven samfunnshus blir det lagt ut raud løpar og servert akoholfrie bobler til alle frå klokka 17.00