Lokalnytt

Strålande konsert i kulturbedehuset.

Ein talrikt publikum fekk oppleve ein fantastisk konsert i kulturbedehuset på søndag, siste dag under Hellesyltdagan, her med Helge Lilletvedt og Sigrid Moldestad.

Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt fylte kulturbedehuset på Hellesylt med vakre tonar søndag. Og høgdepunktet vart krona med Liv Merete Kroken og Moldestad i samspel til slutt.

For fyrste gong fekk publikum på Hellesylt høyre Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt i samspel. Det skjedde i kulturbedehuset på Hellesylt der alt var fylt opp til siste plass.

Medlem av husstyret Hildegunn Vollset presenterte dei to for eit publikum som talde over hundre denne søndagen i bedehuset. Begge musikarar er røynde i faget, Lilletvedt som musikalsk leiar ved scene i Bergen, og Moldestad som felespelar og songar og kjent for dei fleste.

I kulturbedehuset var all verdsarvutstilling midt i rommet sett til side. Her var det stolar for mange og med alle på galleriet var nok talet over hundre. Dei fekk ein time med song og musikk, ei stund mange tok med seg ut av huset i glede. Tonane sat som dei skulle i sommarvarmen som nesten var meir enn behageleg inne på bedehuset denne dagen.

Helge Lilletvedt er ofte på Hellesylt saman med sin ektemake, og Sigrid Moldestad kom til bygda for tredje gong på tre år. På repertoaret stod fleire slåttar frå nabobygda Hornindal, men også mykje anna godt og livat av folkemusikk. Publikum fekk ei oppleving dei håpa på, i alle fall kom klappsalvane tett og godt etter kvar melodi.

Som avslutning vart Honndalstausa Liv Merete Kroken kalla til «teneste» av Sigrid Moldestad. Med kvar si hardingfele fekk vi kan hende konsertens høgdepunkt. Tittel på melodien kjenner vi ikkje, med det svinga lenge og godt frå dei to dyktige folkemusikarane.

Slike aktørar som kulturbedehuset presenterte på siste dag av Hellesyltdagane kan vi gjerne hente til bygda også seinare.

Liv Merete Kroken t.h. og Sigrid Moldestad avslutta konserten i kulturbedehuset på Hellesylt søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380