Lokalnytt

Tom Cruise på Sunnylven samfunnshus onsdag.

Tom Cruise ved filmbasen på Helset i Sunnylvsbygda.

Onsdag 12 juli blir det premiere på storfilmen med Tom Cruise i hovudrolla på Mission Impossibe 7 på Sunnylven samfunnshus. Det er lagt opp til to framsyningar, kl. 18.00 og kl. 21.00.

Sunnylvingar og fleire har venta lenge på storfilmen Mission Impossible 7 der mykje av scenene var filma i Sunnylven, og i Rauma kommune.
På Hellesylt var september og oktober 2020 fylt av filmstjerner som ein aldri møter på Hellesylt, mellom anna Tom Cruise med dei spektakulære stønta han viser i filmen. Motorsykkelstøntet frå 1246 meter høge Helsetkopen er vel av det sjeldne som blir vist på film utført av ein ekte skodespelar.

På Sunnylven samunnshus blir det to framsyningar onsdag kveld, klokka 18.00 og klokka 21.00. Begge er fulltinga har vi fått opplyst. Og her blir det litt ekstra premierestas med både raud løpar og akoholfri champagne på dei frammøtte.

Tom Cruise er oppteken med nye filmopptak, men møtet med storstjerna blir likevel nært og intenst når filmen Mission Impossible 7 blir vist på Sunnylven samfunnshus onsdag 12. juli. Det var ikkje det beste haustveret under filmnopptaka i 2020, men vi trur naturen i Sunnylven vil vise seg som den unike og smittande kjelda, og at opptaka i filmen blir oppleving og inspirasjon for mange.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380