Lokalnytt

Torunn Tryggestad opna Hellesyltdagane

Utflytta sunnylving til Oslo opna Hellesyltdagane 2023 laurdag 8. juli.

Torunn Tryggestad opna Hellesyltdagane 2023 frå utescena på Ole Ringdals plass laurdag 8. juli.

Etter år med pandemi og anna elende var det klart for Hellesyltdagar igjen helga 7. til 9. juli.
Og for eit ver arrangøren sikra seg,

Gode artistar hadde dei også funne fram til, og ikkje minst personen som opna dei 34. Hellesyltdagar frå utescena laurdag 8. juli.
Dit kom Torunn Tryggestad, utflytta sunnylving til Oslo, men som framleis har gode og kjære band til heimbygda Sunnylven.

Ho takka ja med ein gong då ho fekk spørsmålet om å opne Hellesyltdagane, sa ho.
Frå utescena fortalde ho om gode år i Sunnylven , både på hotell og på gatekjøkken, til ho flytta til hovudstaden Oslo.

Minna og slektsbanda er likevel forankra på Hellesylt sa ho, mellom eit folk ho sette pris på å kome heim på besøk til.

Tryggestad tok fram fleire i si opningstale under Hellesyltdagane, lag og organisasjonar ho tykte hadde gjort så mykje bra for den «gamle» heimbygda hennar.
Det var ei flott opning av Hellesyltdagane 2023, ei opning som fortalde mykje av det ho sette pris på når ho tok turen heim til Tryggestad på ferie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380