Utdeling av Frivilligprisen, eit høgdepunkt
Andre dag frå utescena under Hellesyltdagane vart like rik på gode programinnslag som den fyrste. Det vart mykje, men hyggeleg jobb for programleiar Asbjørn Tryggestad.
Mange unge artistar kom på scena i Hellesylt sentrum også på siste dag av Hellesyltsdagane 2023. Frå nære områder kom det talentfulle artistar både i musikk, song og dans så framtida for nye «dagar» med programinnslag er lovande.
Til scena kom også meir røynde personar, som dei to som har sett saman utstillinga «Strandaindustrien si historie» i P. I. -bygget på Stranda, Helge Søvik og Reidar Lunde. Dei fekk begge ei god stund saman med programleiaren på utescena der dei fortalde om arbeidet med utstillinga.
Det vart mange historier, om ting laga av personar, mellom anna fortalde dei om ein sunnylving som hadde fått sin plass i utstillinga. Erling Frøysa starta konfeksjonsfabrikk med ti personar i arbeid.
Og dei fortalde om mykje anna, til slutt om det fyrste kraftverket som vart reist på Stranda.
Fekk frivillingprisen
Søvik og Lunde har lang erfaring frå Strandaindustrien opp gjennom åra. No har dei sett pensjonistlivet på vent for å skape ei viktig historie for ettertida.
Difor var det ikkje uventa at det var Helge Søvik og Reidar Lunde som fekk Frivillinprisen i Stranda for 2023.
Blomar og kvar sitt stort bilete av Karsten Helstad vart delt ut av Aud Tomasgard Berstad og Jorun Heldt, sponsa av forsikringsselskapet Gjensidige.
Det kom inn mange gode forslag til vinnarar av Frivillingprisen også i år, sa Jorun Heldt. Valet fall på dei to som har sett saman utstillinga Strandaindustrien si fistorie og teke vare på minna for ettertida, sa Heldt som hadde ei både lang og god grunngjeving frå juryen og valet dei hadde gjort av vinnarar.