Vann volleyballturnering på fylkesleir.
Fem av sju på vinnarlaget i volleyball under fylkesleiren på Gjermundnes kom frå Fjellrosa 4H
Leiar i klubben og fem medlemer frå Fjellrosa 4H har vore på fylkesleir på Gjermundnes landbruksskule. Dei kom heim som fylkesmeistrar i volleyball.
Saman med to frå andre klubbar deltok og vann Siw-Anita, Ingeborg, Sina, Linus og Sune volleyballturnerimng under fylkesleiren til 4H i Møre og Romsdal på Gjemundnes. Dei vart med det fylkesmeistrar i år.
Klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H er Silje Kristin Stadheim. Ho er også fylkesstyremedlem i 4H.
Frå Stranda kommune deltok også den nye klubben, Villmarksgjengen. Også dei vann si klasse i vollyballturneringa.
Det vart pokal til vinnarlaga.
Det vart fleire aktivitetar på medlemane frå Fjellrosa 4H, mellom anna deltok dei på tautrekking. I fjor vann klubben hele konkurransen, men i år vart det andre plass, men også det ein sterk prestasjon mellom 220 4H-arar som deltok på fylkesleiren i år
Årssamlinga for Møre og Romsdal 4H vart vellukka med mange aktivitetar. Leiren varte i fire dagar, frå torsdag til søndag 2. juli.