Vedlikehald med ny bru på Ytste Skotet
Dert har blitt utført vedlikehald på Ytste Skotet. Mellom anna er brua over elva i området reparert.
Leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal har sedt rapport frå arbeidet som er gjort på Ytste Skotet, mellom anna bru over elva til Me-Skotet/inste Skotet.
Bjørdal rapporterer om nyebrua som vart sett i stand på Skotet sist laurdag og søndag.
Her vart det lagt nye dragarar (mastrer), dekke vart fornya med rekkverk, og alt beisa med Møre-try. Det vart brukt tjukk papp på mastrene for at dei skulle stå seg mot ver og råte.
Og sjølvsagt vart det nytta gjenbruk av spiker så langt det rakk, fortel Bjørdal.
I år er det to jenter på Ytste Skotet som tek seg av gjester. Dei passer også fem geiter eigd av Jannice Tafjord i Fjord kommune.
Geitene nyt det gode livet på fjellgarden og taklar det «usynlege» gjerde godt.
Ytste Skotet er ein flott stad å besøke. Ein kan tinge dagstur og opphald på mob. 489 18 093.
https://www.storfjordensvenner.no/