Dugnadshelg på Ytste Skotet
Frå leiar i Stordfjordens Venner, Inge Bjørdal har vi fått denne meldinga om «slåttedugnad» på Ytste Skotet. Her vart det jobba godt, både med slåtten og mykje anna.
Alle foto: Inge Bjørdal.
-Storfjorden Venner gjennomførte i helga 18. til 20. august den årlege sommardugnaden på Ytste Skotet. I år har vi hatt to jenter som har forvalta garden – Kajsa Kajsa Haabet Kleivane og Norunn Brøste Kjersem. Båe uttrykker ønskje om å kome attende neste år.
I helga møtte dugnadsgruppa og mange friviljuge til den årlege slåttedugnaden. Vi fekk besøk av mange elevar (norske og utanlandske) frå Høgskulen i Volda. Nokre av dei ville kome attende på dugnad neste år. I tillegg møtte mange frivillige, til og med så langt i frå som Rauma!
Det aller meste av arealet vart slege. I år har vi også kjøpt inn høyvendar (brukt) for å kunne handtere graset på ein enklare måte. Resten vart sett av til opplæring i slått og hesjing til elevande frå Gjermundnes vgs. når dei no kjem på besøk på slutten av denne veka.
I tillegg til slåttedugnaden vart det gjennomført mykje reparasjons- og vedlikehaldsarbeid. Etter ein branninspeksjon vart det peika på ein del manglar som må utbetrast sidan garden no er meir aktivt brukt enn dei to siste åra når covid gjorde at vi måtte redusere drifta. Ein del tid gjekk med til å planlegge korleis desse utbetringane kan gjennomførast, sidan det er ei utfordring å oppfylle alle reglar på så gamle hus. Vi skal m.a. montere ei brannpumpe som hentar vatn frå elva like ved garden.
Brua fekk eit strøk nr. 2 med Møretyri, og det var felt tre slik at elevande frå Gjermundnes kan få øving i vedproduksjon (kløyving og lagring).
Vi har også lagt om vassforsyninga ettersom ein har vore plaga med at slangen frå elva vart øydelagt av isferder om vinteren. I år har det vore fleire geiter på Ytste Skotet. Det er nytta NoFence for å halde dei på plass, og det har fungert svært tilfredsstillande.
Sesongen med vertskap på garden vert avslutta i veke 34.
Alt i alt vart dette ein effektiv dugnad der vi utført mykje naudsynt arbeid. Vi fekk likevel tid til sosialt samvær, triveleg samtalar og gode matopplevingar.
Etter at Storfjordens Venner overtok ansvaret for drifta av garden trengst det stor innsats av organisasjonen vår for å halde garden ved like og i drift.
Vi takkar difor alle som ueigennyttig brukar fritida til å hjelpe Storfjordens Venner med dette viktige arbeidet!-
Det skriv leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal i meldinga til hellesylt.info.