Lokalnytt

-Eg har fått den finaste jobben i fjordbygdene

Søndag 27. august blir Ann Kristin Langeland vigsla til prest i Den norske kyrkja av biskop Ingeborg Midttømme.

Søndag 27. august blir Ann Kristin Langeland vigsla til prest i Sunnylven kyrkje av biskop Ingeborg Midttømme. -Eg er veldig spent, men klar for oppgåvene som møter meg, seier Langeland.

Ann Kristin Langeland har vore engasjert i kyrkja heile livet. I ung alder starta ho i Volda for å ta kyrkjeleg utdanning, men gjekk etterkvart over til adminstrative fag. . Det vart kommunale fag og byråkratiske jobbar dei komande åra.

-Tanken om å bli prest har eg likevel hatt, men slått det frå meg. Det vart andre jobbar sjølv om eg ofte vart mint om prestegjerninga av gamlepresten vår Svein Runde når vi møttes, seier ho.
Men søndag 27. august blir Ann Kristin Langeland ordinert til prest i Den norske kyrkja av biskop Ingeborg Midttømme i Sunnylven kyrkje. Virkeområdet hennar blir i heimbygda Sunnylven, og i Stordal sokn.

Har jobba i kommunar

Det er to år sidan ho endeleg bestemte seg for å bli prest, ein tanke ho har hatt også tidlegare.
-Eg har vore engasjert i kyrkja heile mitt liv og eg starta som ung i Volda for ei kyrkjeleg utdanning. Men det vart kommunale fag, byråkratiske jobbar i staden, samfunnsjobbar som også engasjerte, seier ho.

Ann Kristin drog til Bergen der ho jobba i 11 år, så kom ho heim til rådmannsjobb i Stranda, deretter i same jobb i Hornindal og seinare som assisterande rådmann i Volda.
Ho har også ein periode bak seg i kommunestyret i Stranda, og har vore aktiv i Kirkens bymisjon i Ålesund.

Fleire tek del

Søndag 27. august blir ho vigsla til prest i Den norske kyrkja etter to år lang utdanning.
-Det blir fint å bli ordinert i Sunnylven kyrkje, tykkjer ho. Virkeområdet hennar blir i hovudsak i heimbygda Sunnylven og i Stordal.
-Mange har lurt på om det ikkje blir vanskeleg å jobbe i eiga heimbygd for meg, men nei, eg kjenner på at eg er velkoma her. Den same følelsen har eg i Stordal, seier ho.

Ho blir vigsla med forbønn til prest av biskop Ingeborg Midttømme, og med fleire andre medverkande.  Soknerådsleiar Stig Tryggestad blir til stades, det blir musikalske innslag av Gunnar Inge Eide, Carolin Eide, Trond Otto Berg, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunnhild Sindre og Tonje Støverstein. Og det blir song av Oddbjørg Solhaug,  Kristin Storstein og Koret. Ann Kristin held sjølv preika denne dagen.

Ferdig utdanna

Gjennom dei to siste åra har Ann Kristin Langeland  vore i Tromsø i 10 veker for å få fullført si utdanning,  og det har vore praksis i Stryn, Stranda og ved Haraldsplass sjukehus.
No er ho ferdig utdanna, og biskopen har godkjent for vigsling søndag 27. august klokka 11.00

-Eg er veldig spent, men eg gler meg. Det har blitt ein lang veg og det har gått mange år. Det blir ein dag som eg ser fram til, men som eg også kjem til å huske med biskop, fungerande prost og mange prestar. Diverre blir ikkje prost Svein Runde til stades grunna sjukdom, det er eg veldig, veldig lei meg for, seier Langeland.

-Eg gler meg til å få bruke Stola med dei kyrkjelege fargane som Bjørg Hustad frå Bud har laga til meg. Ho kjem sjølv med dei til vigslinga.

Har fått støtte av folk

Det blir ein veldig kjekke dag, men endå kjekkare blir det å få vere fast prest. Eg har fått den finaste jobben, å vere prest her i fjorden, å kunne treffe folk i både sorg og glade situasjonar.
Arbeidet med ungdom og konfirmantar har gjeve meg spesielt mykje. Eg opplevde mykje fint også i kommunalt arbeid, men dette er det beste, seier Ann Kristin Langeland og legg til;
-Måten bygda har teke mot meg på er eg svært takknemleg for. Du blir alltid litt bekymra i vaksen alder, men eg føler at eg har mykje støtte. Det gjev både mot og styrke, at eg kan bety noko for folk i ein jobb der eg kjem tett på både i kvardag og  fest og i livet elles.
Eg har fått den finaste jobben, å vere prest i dei to fjordbygdene og treffe folket her, avsluttar Ann Kristin Langeland.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380