God avling i Holedalen
Bønder på Hole og Bjørdal har hausta ei ny avling gras i Holedalen av eit felt på ca. hundre dekar.
Alle foto: Peder Hellebostad.
Det vart bra avling for fordyrkarane i Holedalen også i år. Denne veka var det slått og hausta i balgar av vel hundre mål.
Veret har hindra slåtten i Holedalen for bøndene på Hole og Bjørdal, så på fordyrkarfeltet i sætredalen ca. 600 meter o.h. vart det hausta litt seinare enn vanleg i år.
Men rundt andre helg i august vart veret bra og vel hundre dekar vart hausta i rundbalgar på ein dag.
Totalt vart det 160 forbalgar, fortel Peder Hellebostad, ein av bøndene som haustar på fordyrkarfeltet. Det tykte han var bra avling så høgt til fjells, og med ein våt og kald juli.
Fordyrkarfeltet i Holedalen er på over 200 dekar. På halve feltet har bøndene planlagt fornying med såing av grasfrø, men veret har hindra arbeidet. Det har ikkje gått som planlagt, og no er det for seint på året å så i Holedalen, mener Hellebostad. Det blir å prøve igjen til våren.
Graset som vart hausta i år var av god kvalitet. Og kanskje hadde rundbalgane blitt enno fleire om ikkje hjorten hadde vandra på feltet og mata seg tidlegare i vår. Flokkar på 60 – 70 dyr vart observert dagleg då fordyrkarfeltet grønkast i mai / juni.