-Musikk i det romantiske hjørnet
Søndag 13. august blir det konsert i Sunnylven kyrkje med musikk av kjente komponistar, framført av lokale musikarar.
Det er musikarane Øyvind Robak fiolin, Carolin Eide piano, Evgenii Zhukov fløyte, Stephanie Roux piano, og Gunnar Inge Eide orgel som inviterer til konsert i Sunnylven kyrkje søndag 13. august. Alle er kjente musikarar frå konsertar i kyrkja også tidlegare, og denne gongen er det eldre, kjente komponistar dei presenterer.
Søndag kveld får publikum høyre musikk av J. Rheinberger, B. Martinu og C. Franck
Konserten i Sunnylven kyrkje startar klokka 18.30 og varer i ein liten time.
Same konsert blir presentert i Geiranger kyrkje to dagar tidlegare.
Bill. Kr. 200.- born gratis.
Konsertane er sponsa av Festspela i Geiranger, og av Sparebanken Møre.