Ny, flott konsert i Sunnylven kyrkje
Søndag var det konsert i Sunnylven kyrkje med musikk av eldre komponistar, framført av musikarar frå fjordbygdene på Sunnmøre.
Fem lokale musikarar, Øyvind Robak -fiolin, Carolin Eide – piano, Evgenii Zhukov – fløyte, Stephanie Roux -piano, og Gunnar Inge Eide -orgel har alle vore i Sunnylven kyrkje med konsert også tidlegare. Søndag kveld var dei tilbake med sommarkonsert.
Denne gongen vart det «I det romantiske hjørnet» som det heitte i programmet, og med tonar av komponistane J. G. Rhinberger, B. Martinu og C. Franck.
Verk av Rhinberger har vore på programmet også tidlegare i kyrkja, som i mai i fjor når dei dyktige musikarane gjesta Sunnylven kyrkje med konsert. På søndag fekk publikum høyre «Abendlied», framført på orgel og fiolin.
Men også andre komposisjonar frå 1800-talet stod på programmet til dei fem musikarane.
Spesielt imponerande var det å høyre Evgenii Zhukov og Carolin Eide som spela «Recitativo fantasia», eit langt verk for fløyte og piano av C. Franck.
Øyvind Robak på fiolin spela saman med Eide på orgel fleire lange og korte verk av både C. Franck og J. G. Rheinberger, før Zhukov og Robak avslutta med Martinu sine korte verk «Promenades» saman med Stephanie Roux på piano.
Dei fem musikarane har vore i Sunnylven kyrkje med konsertar fleire gonger dei siste åra. Kvar gong er det ei glede å vere til stades og oppleve engasjement og spelegleda frå dei fem.
Kanskje litt skuffande for dei fem at publikum Ikkje alltid sluttar opp om konsertane like mykje som ønskjeleg, men det kan vere mange årsaker til det på ein sommarkveld. At Sunnylven kyrkje er eit flott konsertlokale er det likevel ingen tvil om.
Vi håper fleire slike konsertar med dei fem kjem igjen med musikalske framføringar og tonar frå ei anna tid, men som det avgjort er verd å høyre på.