Lokalnytt

Refotografering av landskap i verdsarvområdet

Oskar Puschmann er hyra inn av næringsavdelinga i Stranda for å fullføre såkalla refotografering av landskap i verdsarvområdet. Gardane langs Geiranger-/Sunnylvsfjorden er spesielt interessante.

Frå næringssjef Inge Bjørdal har vi fått desse opplysningane om Oskar Pushmann sitt besøk i Stranda kommune onsdag 30. august.

-Føremålet med oppdraget er å dokumentere korleis landskapsbiletet endrar seg over tid, og eventuelt analysere effektane av verdsarvmidlane på landskapsutviklinga (attgroing m.m.). Puschmann utførte etappe ein i 2022, og dette er ei vidareføring av denne.

Han nyttar ein spesiell metode der han stiller seg opp i nøyaktig same posisjon der tidlegare kjende landskapsfotografar (Wilse m.fl.) har teke bilde for lang tid attende og fotograferer landskap slik det ser ut i dag. På den måten får ein eit svært godt bilde av utviklinga over tid.

Du kan lese meir om metoden og mange døme frå heile landet under fana;
Tilbakeblikk – norske landskap i endring- på heimesidene til NIBIO. Her finn du fleire døme, også frå Sunnylven.

https://nibio.fotoware.cloud/fotoweb/archives/5003-Landskap/?q=tilbakeblikk

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380