Lokalnytt

Reparasjon av torvtaket på Kurlå

Kåre Stadheim og … på taket til Kurle-stova.

Laurdag vart torvtaket på huset på Kurlå reparert.

Av Inge Bjørdal.

Vinden har teke tak i torva på båe sider av taket, mest på sørvestsida. Vi fekk transportert på plass stein med helikopter under Hellesylt-dagane. I dag fekk lagt på torv som mangla, og stein både langs båe i endegavlane og langs mønet.

Vi fekk også hengt opp deler av gåvene som Raghild Ljøen gav som gåve til Storfjordens venner for ei tid tilbake:
https://www.hellesylt.info/2022/07/gav-vekk-aklede-til-storfjordens-venner/

Eit par mindre skader på ljoreopninga vil bli reparert seinare i haust.

Desse var med på utbetringa:
Erling Helsem, Kåre Stadheim, Terje Jan Nes, Odd Normann Hoff, Inge Bjørdal.

Taket er reparert med stein på alle utrafter.
..og då smaka det med kaffi etterpå.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380