Rydda ny rås, denne gongen til Horvadrag.
Nils Roger Matvik og gode hjelparar jobbar stadig med rydding av stiar og ferdselsårer i indre fjordstrøk. No er også råsa til Horvadrag godt gåande etter ryddedugnad 3. august.
Tekst/foto: Nils Roger Matvik
Her er meldinga Åkernes har sendt hellesylt.info.
-Ei ny rås er rydda og merka. Torsdag 03. august stilte fem mann på dugnad og i tillegg stilte Asle Ringdal opp og frakta oss både til og fra startpunktet for råsa like utanfor fossane, Dei sju søstre.
Vi starta på jobben ca. klokka 08.30 og var ikkje nede igjen før ca 18.30. Då hadde vi rydda og merka råsa opp til Horvadrag, felt tre ved Lauvhellaren slik at den er synleg frå sjøen og ikkje minst felt tre i tunet.
Det var mykje skog tett innpå huset som vart saga ned og rydda vekk. Det same galdt trea som stod i fjøstomta og skog vart også saga ned framfor huset slik at det no er godt synleg frå sjøen.
No skal det vere greit å finne råsa til Horvadrag, men då den er utsatt for steinsprang bør den ikkje nyttast i t.d. regnver, skriv Nils Roger Matvik,
Dei som var med på dugnaden 3. august var Eistein Bruseth, Leif-Erling Løvoll, Tor Myklebust, Arve Opsahl og Nils Roger Matvik.