Lokalnytt

Skilting ved Stegholsvatnet

Egil Røyrhus viser skiltet som han og Inge Bjørdal har sett opp på ferdselsvegen ved Stegholsvatnet. Snøras har øydelagt rekkverket, så all ferdsel er på eige ansvar her.

På Flofjellvegen er rekkverket borte langs delen av råsa langs Stegholsvatnet. No har lokale folk sett opp varselsskilt

På Flofjellvegen er rekkverket ved Stegholsvatnet delvis borte. Dette er eit punkt som kan vere fårleg for ferdselsfolk då det er høgt frå vegen og i steinura eller Stegholsvatnet på denne strekninga.

Dette har lokale folk teke til etterretning og i alle fall merka strekninga med varselsskilt.

I kveld måndag 14 august sette Egil Røyrhus og Inge Bjørdal opp skilt på båe sider av det fårlege punktet slik at dei som går og spesielt dei som syklar her vert tidleg merksame på faren.

Turen frå Vollset til Flo er ei mykje nytta ferselsåre. Spesielt blir denne strekninga i flott norsk natur mykje nytta av cruisebåtturistar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380