Tap i begge kampane for Sunnylven.
Sunnylven G-14 møtte Langevåg i fyrste haustkampen på Hellesylt stadion måndag, og dagen etter var det J-13 laget som møtte Herd 2. I begge kampane vart det tap for heimelaget.
Sunnylven – Langevåg 4 – 10
Fotballsesongen opna på Hellesylt stadion igjen med kamp mellom Sunnylven og Langevåg i G14 måndag. Det vart tap for heimelaget 4-10 etter 3-6 ved pause.
Sunnylven sitt gutelag gjorde det godt i vårsesongen, men med opprykk ei årsklasse blei det tøffare motstand. Og mot Langevåg vart aldersskilnaden stor. Heimelaget har fleire spelarar som framleis er 11 år så då blir det litt vanskeleg både på storleik og tempo.
Langevåg gjekk opp til 5-0 tidleg i fyrste omgang, men så fekk heimelaget tre reduseringar og gjestane ei til før pause.
I andre omgang kom Sunnylven med nok ei skåring, medan dei gule og blå frå Langevåg banka inn fire.
God kamp av Ingeborg Fivelstad Stadheim og Trym Helset som begge spela i forsvar til heimelaget.
Målskårarar for Sunnylven var; Sander Sjåstad Hole (2), Trym Helset, Oskar Ringdal.
Sunnylven – Herd 2. 3 – 11
Heller ikkje for Sunnylven J-13 lukkast det i opningskamp mot Herd2. dagen etter. By-laget var for gode og vann til slutt 11 – 3.
Det opna med mange mål i mot for jentelaget til Sunnylven. Herd 2 leia heile 5-0 midtvegs i fyrste omgang.
Men så kom det to kjappe skåringar til Sunnylven, men gjestane svara før pausesignalet frå domar Odd Even Svindseth, VRF.
I andre omgang gjekk spelet på same måte. Herd 2 var betre og skåra fem gonger til.
Sunnylven fekk ei redusering på slutten til resultatet; Sunnylven – Herd 2. 3 – 11.