Lokalnytt

Vann med to mot Ørsta

J10-laget til Sunnylven har spela fyrste haustkampen. Mot Ørsta vart det siger 5-3, skriv ein nøgd trenar Kim Sture Flo.

-I går var J10 til Ørsta og spelte haustens første kamp. Det var åtte topp motiverte spelarar med stor tru på siger som troppa opp i Kiwi-hallen!
Ørsta var nok like motiverte i starten og var ein knallgod motstander som pressa på og gjekk opp i ledelsen når dei scora kveldens første mål.

Kampen vidare var jevn med mykje fint spel og gode angrep, men når Ørsta byrja å bli litt slitne gjorde Sunnylven J10 som dei brukar, jobba på jevnt og trutt, gav seg aldri, og pressa på til dommer blåste av kampen.
Det resulterte i siger 5-3 og meget fornøgde spelarar (og trenar) –

 

Alle foto: Kim Sture Flo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380