Vann mot Volda

På søndag var det fotballkamp i J-10 mot eit solid Volda-lag som gav tøff motstand. Dei åpna sterkt og tok leiinga tidleg i første omgang. Men kampen snudde…
Trenar Kim Sture Flo har sendet denne rapporten frå kampen.
-Sunnylven lot seg ikkje prege nevneverdig av motstandaren si opning, men fokuserte på det dei skal og spelte seg flott inn i kampen. Dei reduserte to gongar og scora to til og stillinga var 4-2 til pause.
I andre omgang åpna Volda veldig bra og reduserte to gongar før Sunnylven kom i gang skikkelig. Jentene jobba på og spelte flott fotball, dei tok seg tida, lot seg ikkje stresse og når dommar bles av kampen var stillinga 7-5.
Det var solid levert i alle ledd, eit veldig bra lag som jobbar på og hjelper kvarandre heile kampen!