Vart vigsla til prest.
Søndag 27. august vart Ann Kristin Langeland vigsla til prest. Biskop Ingeborg Midttømme stod for den formelle handlinga i nerver av ei fullsett Sunnylven kyrkje.
Mange kom til Sunnylven kyrkje og vigslinga av Ann Kristin Langeland, den nye presten som har fått tildelt sitt arbeidsfelt i Sunnylven og Stordal.
Langeland har variert virkefelt bak seg, også som politikar i heimekommuna Stranda. Men no var tida koma og ho kjende på at tankar frå ungdomsåra skulle bli realitet. For det var som prest ho ville bli då ho skulle velge yrke i ungdomen, har ho fortalt, og slik vart det.
Sunnylven kyrkje var fullsett til siste plass då tonar og salmesong opna gudstenesta søndag. Mellom over 300 var biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, ordførarar frå Stranda og Stordal. På plass var også soknerådsleiar og fleire prestar under den store hendinga,
Som det seg hør og bør vart det mykje salmesong leia av eit prosjektkor frå kyrkjelyden, og det vart helsingar og bøner.
Velsigninga til prestegjerninga stod biskop Midttømme for der ho på ein nær og varleg måte ønska den nye presten velkoma til gode tenester i kyrkja sitt hus.
-Kjære Ann Kristin. Til lukke med stillinga som prest. Dette er dagen vi alle venta på, og til den djupe gleda du utstrålar for alle.
Det har vore mange gode dagar, eksamen er bestått og du er prest. Du skal halde fram å forkynne den store forteljinga om Gud, sa Ingeborg Midttømme mellom anna og siterte frå dei gamle orda;
-Eg er med Dykk alle dagar så lenge verda står-
Dei to siste åra har Ann Kristin fungert som prest, og no var dagen komen….
Ann Kristin Langeland heldt preika frå preikestolen i Sunnylven kyrkje denne dagen. Ho runda av si kroningspreike med å stadfeste at ho fekk sitt rette yrke til slutt;
-Eg har alltid hatt lyst til å bli prest, men eg tykte at jobben var for stor.
Når så nåden tok plassen og frykta eg hadde hatt vart det prest av det. Kanskje kan eg vere ein prest som vågar å legge frykta til side, sa Ann Kristin Langeland og avslutta med;
-Kom nærare, kom nærare…
Det var ein gild søndag i Sunnylven kyrkje med både skriftlesing, bøner, salmesong og flott musikk av Carolin Eide ved orgelet og Trond Otto Berg trompet. Den store kyrkjelyden fekk også høyre vakker song av Oddbjørg Solhaug og Kristin Storstein.
Eit prosjektkor gjorde sitt til at også salmesongen vart ei stor oppleving i den fullsette kyrkja.
Oddbjørg Solhaug.