Lokalnytt

Viser filmen «Fedrelandet» på Øvre Ljøen laurdag

I amfiet på Øvre Ljøen blir filmen «Fedrelandet» vist laurdag kveld 5. august.

Margareth Olin sin siste film «Fedrelandet» blir vist i amfiet på Øvre Ljøen laurdag. Der blir dei siste detaljer for publikum utbetra, mellom anna med rampe for rullestolbrukarar.

Margareth Olin er frå Stranda, fødd 16. april 1970. Dama frå Sunnmørsbygda har laga mange filmar opp gjennom åra, og mange huskar kanskje «Mannen frå Snåsa»; eller mirakelmannen Toralf Gjerstad. Men også fleire andre filmar, som «Kroppen min» og «onkel Reidar» har sett spor etter seg i kinosalar.

I amfiet på Ljøen er det meste klart til laurdag kveld og vising av «Fedrelandet». Oddbjørn Berge og unge Nicolai Bonsaksen Hagås gjer amfiet klart , mellom anna med bygging av ei lang bru for rullestolbrukarar. Også dei skal få god tilgang og få sjå filmen om dei har lyst, seier dei to.
Torsdag var det meste gjort, og arbeidet skulle bli ferdig den dagen.

Laurdag kjem Margareth Olin med filmen «Fedrelandet» til amfiet på Øvre Ljøen.
Her tek Olin publikum med til den vesle og ville Oldedalen i Nordfjord der både naturen og nære slektningar av filmskaparen kjem i fokus.
«Om vi skal bry oss tilstrekkeleg om noe, må vi gjenopprette den dype forbindelsen med naturen, med menneskene og dyrene rundt oss, har Olin uttala.

Seint laurdag kveld kan alle som vil sjå «Fedrelandet» i amfiet på Øvre Ljøen. Å finne flottare stad for vising av filmen enn nettopp her finn ein kanskje ikkje.

Ein lang og brei rampe for rullestolbrukarar, og for andre kjem på plass i amfiet på Øvre Ljøen.
Nicolai t.v. og Oddbjørn Berge gjorde ferdig den nye rampa torsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380