Lokalnytt

Elektrisk, grøn og stille rib-tur på Hornindalsvatnet

No kan du få eit rush med rib over Nord-Europas djupaste innsjø. Og med el-motor går det både grønt og utan forstyrrande motorlyd.

Bonseye har allereie fleire rib-båtar som går i trafikk på Geirangerfjorden. I samarbeid med Havila Hotels utvidar dei no også til Hornindalsvatnet.

Fredag 29. september vert det dåp av dei to nye elektriske rib-båtane ved Havila Hotel Raftevold. Båtane får i tråd med den grøne satsinga namna «Grøn kraft» og «Grøn vilje», og bygdefolk og andre interesserte er velkomne til dåp med kaffe og kaker og prøvetur på vatnet.

Bente Bonsaksen, dagleg leiar i Bonseye AS, seier at det å ta nye rib-båtar ut på Hornindalsvatnet er ei naturleg utviding av drifta deira etter at dei har etablert seg på Geirangerfjorden.

Hornindalsvatnet har ei spennande historie og storslått natur. No gler vi oss til å ta med passasjerar på ei oppleving der dei får suse langs høge fjell og over det meir enn 500 meter djupe vatnet. Og sjølvsagt med innlagte stopp der vi fortel om området, vatnet – og sjøormen.

Både ro og rush 

Reiselivsdirektør i Havila Hotels, Gunther Dahler, ser også fram til å tilby gjestene sine ei fartsfylt oppleving rett frå hotellkaia frå neste sesong.

Dei seier at med rib-tur på utfluktsprogrammet så får dei mykje større breidde i breidda av tilbodet.

  • Vi får no aktivitetar som passar til både dei som ønskjer rolege opplevingar som ein rusletur eller kaffi i hotellhagen med utsikt over vatnet og til dei som ønskjer fart og spenning i naturen.

Berekraftig satsing 

Dahler seier også i tråd med Havila Hotels sitt arbeid med berekraft, så har det vore viktig at rib-ane har elektriske påhengsmotorar.

  • Det er naturen som er livsgrunnlaget vårt og trekkplasteret vårt. Då må vi gjere det vi kan for å ta vare på den. Dei elektriske påhengsmotorane gjer dessutan at både dei om bord og folk langs vatnet slepp å bli forstyrra av motorlyd. Det har også vore viktig for oss.

Dei to båtane har plass til tolv passasjerar. Båtane er av typen HyFoil som er utvikla av familiane Bonsaksen og Boye-Thorsen i deira felles selskap Green Fjords.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380