Lokalnytt

Fyrste haustsamling i Sunnylven pensjonistlag.

Knut Hanssen t.v. underheld med visesong under det fyrste arrangementet i Sunnylven pensjonistlag 9. september, skriv leiinga. Her saman med Oddvar Gausdal på trekkspel.

Etter nokre veker opphald i sommar, er Sunnylven pensjonistlag igjen klare med aktivitetar og underhaldning. Fyrste arrangement er «Laurdagstreff» på Sunnylven kyrkjelydshus 9. september.

Sunnylven pensjonistlag har sendt ut fyrste del av haustprogrammet 2023. Laurdag 9. september blir det «Laurdagstreff» på Kyrkjelydshuset, og 1. oktober på eldredagen kjem trubadur Kari Svendsen på besøk på same stad.

Arrangementet laurdag 9. september startar klokka 14.00. Det blir servering av kaffi og svele, og i tillegg mykje god prat med gode historier, både frå sommarsamlingar og familietreff, vil vi tru.

I tillegg blir det musikk ved Knut Hanssen som spelar gitar og syng, og det blir tombola, skriv leiinga i pensjonistlaget i innbydinga. Ein fin start på haustprogrammet som det er verdt å få med seg.
Arrangøren har sett inngangspengane til kr. 50.- på arrangementet som er ope for alle, utan påmelding.

«Banjo-Kari» til Hellesylt.

Seinare i haust på eldredagen 1. oktober kjem ei av norges kjente trubadurar Kari Svendsen til Hellesylt og pensjonistlaget. «Banjo-Kari» er innhyra til Sunnylven pensjonistlag sitt arrangement på Sunnylven kyrkjelydshus søndag 1. oktober klokka 16.00 der ho avsluttar arrangementet med konsert

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380