Lokalnytt

Informerer om branntryggjande tiltak.

Brannsjef i Stranda, Inge Teigen kjem til Sunnylven sanitetslag onsdag 4. oktober og vil snakke om brannførebyggjande tiltak

Sunnylven sanitetslag inviterer til eit ope møte i Sunnylven om branntryggleik der mellom anna brannsjef i Stranda, Inge Teigen vil snakke om førebygjande tiltak i eigen heim.

Medlemsmøtet i Sunnylven sanitetslag 4. oktober blir halde på kyrkjelydshuset på Hellesylt. Her blir det både underhaldning og servering av mat, og brannsjef i Stranda Inge Teigen vil informere om brannførebygging i eigen heim.

-Det er viktig å informere om branntrygging i eigen heim, noko sanitetslaget engasjerer seg for slik at brann ikkje skal oppstå og at alle skal føle seg trygge i eigen heim.
Å ha rett utstyr og ikkje minst vite korleis det skal brukast kan vere med på å redde liv i ein avgjerande situasjon. Det seier Hilde Brekke , leiar i Sunnylven sanitetslag.

Og brannsjef i Stranda, Inge Teigen er samd og støttar opp om tiltaket Sunnylven sanitetslag set i gong.
-Kunskap er ferskvare, til lenger framme i hovudet det ligg til større er sjansen for å ta dei rette vala i ein krisesituasjon, seier han.
Målet er å få ut informasjon til resikogrupper, som eldre som bur heime åleine om brannsikring. Informasjon her kan hindre dødsbrannar, seier Teigen.

Onsdag 4. oktober kallar Sunnylven sanitetslag inn til informasjonsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus. Her blir brannsjef Inge Teigen til stades og vil informere og gje gode råd om beredskapstiltak for å skape trygge heimar slik at brann ikkje oppstår.

Sunnylven sanitetslag ønskjer alle velkomne på Kyrkjelydshuset onsdag 4. oktober kl 17.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380