Lokalnytt

Jenter 10 vann borte mot Bergsøy

Sunnylven (rødt) og Bergsøy helsar og ønskjer kvarandre god kamp.

Det var lav kveldssol og nesten vindstille då Sunnylven J10 møtte Bergsøy i fotballkamp onsdag kveld. Og på bortebane vart det 5-2 siger til laget frå Sunnylven.

Vi har fått denne rapporten frå trenar Kim Sture Flo;
-J10 åpner bra og spelar seg til mange sjanser, men nesten heile omgangen går før vi scorer. Bergsøy har ein kjempeflink keeper som tar det meste.
Men vi får inn to mål før pause.

Andre omgang starta med to jevnare lag og scoringer begge vegar. Mange sjanser og mykje godt spel fra begge lag, og veldig gode redninger fra keepere.
Vi står løpet ut og jobbar til siste slutt også denne gong og reiser fra Bergsøy med siger 5 – 2.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380