Lokalnytt

Kari Svendsen, «Banjo-Kari» kjem til eldredagfeiring på Hellesylt.

Eldredagen 1. oktober 2023 feirar Sunnylven pensjonistlag på Sunnylven kyrkjelydshus. Der blir det i tillegg til god servering også konsert med Kari Svendsen, «Banjo-Kari» som syter for god underhaldning.

Kari Svendsen er artist, visesongar, gitarist og banjo-spelar og har runda 73 når ho kjem til Hellesylt og eldrefest på Sunnylven kyrkjelydshus søndag 1. oktober. Alder er likevel inga hindring for den folkekjære artisten som starta si musikalske kariere i 1966, berre 16 år gamal.
Ho spelar på fleire strengeinstrument og blei først kjent som medlem av bluegrasbandet Christiania Fusel & Blaagress.
Artisten har vore med i ei rekkje revyar opp gjennom åra, og til eldredagen på Hellesylt 1. oktober kjem ho med både sjarm og smittande humør. Det skriv leiinga i pensjonistlaget i innbyding til festen.

Det var i gruppa Fusel & Blaagress ho først vart landskjent, men frå 1970-talet kom ho som soloartist i fleire revyar. Slik har ho også halde dei norske revyvisene kjende og i hevd, særleg dei av det munnrappe slaget.

Kari Svendsen vart tildelt St. Hallvard-medalja for posisjonen som visesongar i Oslo, og ho var med å starte Josefine Visescene i 1995 saman med Jørn Simen Øverli, Lars Klevstrand og Kirsti Kinsarvik.

Det har blitt fleire album  frå Kari Svendsen opp gjennom åra, som «Solskin og sang» i 1982, og det siste «På gjensyn» frå 2019, i lag med fleire kjente norske artistar.

Søndag 1. oktober blir Kari Svendsen å høyre på Hellesylt under eldrefesten til Sunnylven pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380