Lokalnytt

Mange kom til gudsteneste i Sunnylven kyrkje

Årets konfirmantkull i Sunnylven er eitt av dei største på mange år.

Sokneprest Ann Kristin Langeland helsa unge og eldre vel møtt til gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag 10. september. I tillegg til preike og salmesong var det utdeling av kyrkjebok og presentasjon av årets konfirmantar.

Kyrkjesøndagen starta med lette regnbyger og litt lavare temperatur enn som har vore vanleg dei siste dagane. I Sunnylven kyrkje samla unge og eldre seg til hausttakkefest, til gode ord og vakker song.

Rundt hundre kom til kyrkja denne dagen for å markere årets hausttakkefest. Der skulle også kyrkjeboka til to og fireåringar delast ut, og konfirmantane vart presentert.
Ved opning av gudstenesta kom konfirmantar og dei unge inn i kyrkja i ei lang rekke saman med nokre vaksne, og dei bar med seg av årets frukt og grønnsaker som dei plassert framme ved altarringen.

Sokneprest Ann Kristin Langeland ønska alle vel møtt til kyrkja før gudstenesta opna med vakre tonar og song av Kristin Storstein med organist Gunnar Inge Eide ved pianoet.

Her er samla 2. o 4-åringar som fekk sine kyrkjebøker av sokneprest Ann Kristin Langeland.

Under gudstenesta var det utdeling av kyrkjebøker til både 2-åringar og 4-åringar, og deretter vart årets konfirmantar presentert. Dei var neste fulltallige, berre ein konfirmant mangla på søndag.

Preika heldt Ann Kristin Langeland. Ho takka for alt det gode og flotte som året og dagane hadde gjeve, gåver ho sette pris på og ønska å dele med alle i kyrkja.

Det vart ei gudsteneste i god gamal tradisjon på tampen av ein vekstsesong, ein vakker hausttakkefest med nok ei gild preike i Sunnylven kyrkje søndag.
Gudstenesta vart avslutta med nattverd, ei samling med gode ord og vakker song og musikk i Sunnylven kyrkje.

Sokneprest Ann Kristin Langeland.
Kristin Storstein song vakkert, og ved pianoet Gunnar Inge Eide.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380