Siger og tap for Sunnylven.
Både G14 og J13 har vore i aksjon denne veka. G14 tok turen til Sande kommune på tysdag og spelte mot Gjerdsvika/ Gursken på River Plate Stadion. Heimelaget hadde litt knapt med spelarar så det vart spela 5 mot 5. Det vart ei meget målrik affære der bortelaget tok sigeren med 15-10.
Alle ute-spelarane til Sunnylven kom på scoringslista denne kampen. Sander scora 4 mål, Ari 2, Trym 3, Oskar 2, Kristen, Kai Adam, Jakob og Fredrik eit mål kvar.
Heimelaget hadde nokre svært gode driblarar på laget. Mussie og Temesgen Welserufael scora heile 9 av heimelaget sine mål, men dei vart til slutt eit nummer for små mot fysisk overlegne Sunnylvs-spelarar. Dommar var Oddbjørn Aam frå Ørsta som klarte seg godt i eit voldsomt regnver.
Onsdag var det J13 sin tur. Dei tok turen til Langevåg for å møte serieleiaren på kunstgraset på Langevåg stadion. Det vart ein tøff kamp for bortelaget som til slutt måtte tåle eit 5-1 nederlag. Det var 2-0 til pause og Ingeborg sette inn reduseringa til 1-3 etter ca. ein time. Sunnylven hadde ein god periode i slutten av fyrste omgang der dei mellom anna hadde ei avslutning i stolpen, men heimelaget viste gode kombinasjonar og vann ein fortent siger. Også torsdag var det eit voldsomt regnver.