Skuleelevar engasjerer seg for TV-aksjonen.
Tysdag 17. oktober vil elevar ved Sunnylven skule arrangere eit skuleløp på Hellesylt stadion i høve årets TV-aksjon. Dei håper at også publikum kjem og ser på, og støttar.
Elevar på Sunnylven skule som har «Innsats for andre» under årets TV-aksjon har bestemt seg for å arrangere eit skuleløp. Det skjer tysdag 17. oktober klokka 13.00 på Hellesylt stadion. Då håper dei det blir folksamt på stadion, at publikum kjem i hopetal, både for å heie på deltakarane i løpet og i tillegg gjev ein slant til årets TV-aksjon.
Det skje på Hellesylt stadion tysdag 17. oktober, seier Mathias og Sune, to av elevane som er med å arrangere skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen «Innsats for andre». Dei håper mange kjem for både å sjå på og bidra litt økonomisk. Alle er hjarteleg velkomne, seier dei to elevane som også lovar sal av kaker og meir på stadion.