Sterk halvmaraton av Olav Erling Aaland
Olav Erling Aaland leverte eit sterkt løp då han kom i mål til 24-plass i Oslo halvmaraton i si klasse 24-34 år.
Det vart ein knallsterk 24. plass mellom 2395 løparar i Oslo halvmaraton for Olav Erling Aaland. Løparen som representerer Sunnylven Idrettslag kom i mål på 1.16 46, ei av dei beste tidene ein løpar frå Sunnylven IL har prestert på denne distansen.
Totalt i Oslo halvmaraton hadde han 40. beste tid av totalt 8791 løparar som fullførte halvmaraton.
Aaland jobbar i hovedstaden og deltok i Oslo halvmaraton også i fjor. Då vart tida 1.17.19.
Grunnlaget blir lagt med skitrening om vinteren og springing til og frå jobb i 8 – 9 km.
Og meir trening blir det på fritida med løpetrening. Olav Erling er med på fellesøkter på Voldsløkka, der det blir køyrt tøffe intervalltreningar.
Firmaet som han jobbar hos sponsar Team Ragde, noko som har blitt til fleire økter saman med Team Ragde og med instruksjon og tips frå Aukland-brødrene.
Under Hellesyltløpet i år (2023) var Olav Erling Aaland mellom deltakarane i klasse menn senior og kom i mål til ein suveren siger på den sterke tida 22.38, heile 2.25 min før neste løpar på den 6.6 km. lange distansen.