Stig Ulv med konsert i Sunnylven kyrkje
Artisten Stig Ulv kjem til Hellesylt og Sunnylven kyrkje fredag 8. september. Der blir det konsert, diktlesing og meir av kunstnaren.
Artisten Stig Ulv har starta på ei lang «reise» med konsertar og deklamasjon. Programmet varer i heile haust og langt inn i det nye året.
Av plassar trubaduren besøkjer i haust er Sunnylven kyrkje. Dit kjem han fredag 8. september klokka 19.00. Dørene opnar ein halv time før og konserten er gratis!
For fleire er ikkje Stig Ulv framand i musikklivet. I juli 2020 var han på utescena på Ljøen der han også hadde vore tidlegare. Då «varma» han opp publikum med viser og gitarspel, mellom anna framførte han sin eigen låt «Einsam». På Ljøen var han langt frå einsam, der var eit nær fullsett amfi som også var møtt fram for å høyre den svenske gruppa Maple & Rye som underheldt siste del av kvelden med sin konserten langt ut i den mørknande sommarkvelden.
Fredag 8. september er Stig Ulv tilbake i kyrkja i Sunnylven som einaste artist, ein konset mange bør få med seg.