Lokalnytt

Open dag på Hellesylt Brannstasjon den 23. september klokken 11:00 til 14:00

Stranda Brannvern skal arrangere open dag på Hellesylt Brannstasjon den 23 september klokken 11:00 til 14:00

 

Stranda Brannvern arrangerer open dag på Hellesylt Brannstasjon den 23 september klokken 11:00 til 14:00.

Open brannstasjon blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale brannvernsveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi vi bruker meir straum og levande lys.

– Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege brannvernsveka. I distriktet vårt opnar Hellesylt portane for store og små besøkjande Lørdag 23. september. Open brannstasjon over heile landet har vorte ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gje nyttig info om brannførebygging, seier Lillian Aasheim Feiarformann.

– Hovudfokus for Brannvernsveka i år er ladevett og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir konkurransar, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og høve til å sitje i ein brannbil. Vi håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Lillian Aasheim.

Tips til brannøving heime:

Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.

  • Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Prat om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenarium. Kva om det brenn i trappa?  Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyma seg.
  • Bli samde om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassa eller søppelkassa.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle komme seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det blir brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justera planen og rette eventuelle feil.

Parker gjerne ved barnehagen.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info