Sunnylven Barnehage runda 40 år.

Sunnylven Barnehage er 40 år. Torsdag 14. september vart jubileet markert i barnehagen der også tidlegare ansatte var invitert og feira saman med born, foreldre og dei tilsette.
Det var i mars 1983 at Sunnylven Barnehage starta opp i då nedlagde Hauge skule. Styrar var Kari Hauso Stadheim og der gjekk det 12 born dei fyrste åra.
Sunnylven barnehage heldt til på Hauge i fleire år, heilt til det vart nybygg og barnehage i Ringdalsåsen på Hellesylt.
-Her er barnehagen framleis og her har vi det fint, sa styrar i Sunnylven barnehage Hilde Langlo Brekke i sitt attersyn på dei fyrste 40 åra.
Til markeringa var også invitert tidlegare styrarar for barnehage som starta opp i mars 1983.
Frå starten av har fleire hatt leiarvervet og mange har jobba i barnehagen. Aller lengst har Hilde Langlo Brekke jobba der. Ho kom til Sunnylven barnehage hausten 1991 og har sidan vore tilsett med unnatak av eitt år då Bodil Tronstad Lie vikarierte.
På torsdag leia ho programmet som foregjekk på uteområdet med mange til stades.
I 1983 hadde barnehagen 12 plassar og med leiker som dei hadde fått eller som var laga av foreldre. Kari Hauso Stadheim, Heidi Melvoll Hauge og Inghild Storstein var dei tilsette den gongen.
Seinare vart det bygd ny for fleire born og med fleire tilsette. I jubileumsåret går 24 born i Sunnylven barnehage.
-Å finne plassen for ny barnehage var ikkje heilt enkelt, men det enda i Ringdalsåsen og vi er glade og nøgde med plassen her.
Vi hadde det fint på Hauge, men fytta hit der det vart sett opp eit bygg som var praktisk og fint som barnehage, sa Hilde Langlo Brekke. At mange har jobba her lenge tyder vel på at både bygget og miljøet er godt. Hilde kunne rekne opp seks av dei tilsette som i snitt har jobba i Sunnylven barnehage i 35 år. Det må vel fortelje det meste om arbeidsplassen og miljøet dei jobbar under.
-Vi har det godt her, det er ein trygg arbeidsplass og mange av oss startar no på tredje generasjon sine born, sa Hilde Langlo Brekke til hellesylt.info.
Frå Stranda kommune helsa og gratulerte rådmann Tone Lillebø. Ho hadde eit inntrykk av at alle sette pris på barnehagen. Det var i alle høve lite klaging å høyre om den så det tyda på at alle hadde det bra her. Ho avslutta si korte helsingstale frå kommunen med å gratulere med dagen og dei fyrste 40 åra.
Når Sunnylven barnehage inviterer til fest eller jubileum blir det alltid god servering på dei frammøtte. Slik også denne gongen med både pølse med brød, fleire gode kaker, kaffi og saft. Det vart ei hyggeleg feiring for alle.