Lokalnytt

Sunnylven sanitetslag med trimtur.

 

Sunnylven sanitetslag markerte Sanitetsveka 2023 med Kløvertur frå Kyrkjelydshuset i Hellesylt sentrum til Shell-kaia og tilbake. Tolv damer deltok denne gongen, torsdag 28. september.

Alle foto: Ruth Hole Aaland.

Det vart ein hyggeleg spasertur med mykje godt prat for alle som deltok på sanitetslaget sin Kløvertur torsdag. Spaserturen gjekk som vanleg frå sentrum i Hellesylt til Shell-kaia og tilbake.
På Sunnylven kyrkjelydshus diska sanitetslaget opp med kveldsmat, der det også vart mykje godt prat, som det brukar å vere slike kveldar.

Frå sanitetslaget har fire førsteklassingar fått utdelt handdukar med namn og kløverlogo på Sunnylven skule, og alle dei andre elevane fekk utdelt frukt. Også bebuarane på omsorgssenteret har blitt huska på av laget som sponsa god kveldsmat.

Onsdag 4. oktober er det nytt møte i Sunnylven sanitetslag. Då er det Tryggleikstreff med fokus på brannvern og med brannsjef i Stranda, Inge Teigen til stades. Møtet er på Sunnylven kyrkjelydshus og sanitetslaget håper mange møter opp.

Her er ein del av deltakarane på Kløverturen på endepunktet, klare for retur og kveldsmat på kyrkjelydshuset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380