LokalnyttLokalsport

Tok sigeren mot Vanylven 2.

Ingeborg prøvar å få ballen forbi Vanylven sin gode forsvarsspelar Sophie Melo Fiskaa. Tuva Marie er på løp.

Sunnylven J-13 slo tilbake etter bortetapet i Sula sist veke med å slå Vanylven 2 heile 6-1 på heimebane torsdag.

Tuva Marie opna scoringane med ein flott lobb over keeper allereie etter 2 minutt og Tora la på til 2-0 fem minutt seinare. Sunnylven hadde dei fleste sjansane og dei få gongane bortelaget kom gjennom rydda Tonje sikkert opp.

Trass i overtak og fleire sjansar til å auke leiinga, måtte laget vente heilt til dei tre siste minutta i omgangen før dei fekk uttelling. Då scora Ingeborg to raske mål slik at pauseresultatet viste 4-0 til Sunnylven.

To av dei yngste på laget teikna seg på scoringslista torsdag: Tuva Marie og Siril. (arkivfoto)

Andre omgang held fram på omtrent same vis. Siril scora fint aleine med keeper etter ca 5 minutt av omgangen. Deretter fekk Vanylven ei redusering før Tora scora 6-1 5 minutt før slutt.

Alt i alt ein flott kamp av heimelaget.

 

 

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info