Lokalnytt

Vaksinerer for influensa og korona.

I Stranda kommune blir det vaksinering mot både influensa og korona i oktober. Vaksina kan for begge takast samtidig.

I Stranda kommune er det sett opp datoar for vaksinering mot influensa i dei fire bygdelaga. Vaksina kostar kr. 200.- på vaksinasjonsdagen, og betalinga kan gjerast med både Vipps og kontantar. Samstundes kan ein ta oppfriskingsvaklsine mot korona, som er gratis.

På desse stadar og datoar blir det vaksinering:

Hellesylt, fellesrommet ved Sunnylven omsorgssenter;    Tysdag 17.  oktober kl. 09.00 – 11.30

Geiranger legekontor:                                                               Onsdag 18. oktober kl. 10.00 – 12.00

Stranda – Storfjord kulturhus (Inngang hovedinngang); Torsdag 19. oktober kl. 12.00 – 16.00

Liabygda, Trollstova;                                                                 Fredag 20.   oktober kl. 11.00 – 13.00

Følgjande resikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

Alle frå fylte 65 år
Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
Barn og vaksne med:
• kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett immunforsvar
• diabetes, type 1 og 2
• svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom
Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
Gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko
Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet frå 6 månader til 5 år

Desse bør ta oppfriskingsdose med koronavaksine

*personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimbebuarar
*personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
*ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
*barn 6 måneder–11 år med alvorleg grunnsjukdom der barnet sin lege vurderar dette som viktig
*gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommer som gir ytterligare auka risiko.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380